Theme Directory

All themes

Commercially Supported GPL Themes

Commercially supported GPL themes

Sjølv om katalogen vår inneheld framifrå bunader, vil nokre bruka bunader som har profesjonelle hjelpefunksjonar, og dei har ingenting imot å betala for det. GPL-lisensen seier ikkje at alt må vera gratis, berre at programvara ikkje må avgrensa korleis du brukar ho.

Difor finst det folk som gjev ut GPL-bunader med ekstra betalte funksjonar rundt. Du må betala for å få nokre av dei, andre krev medlemskap, og atter andre gjev deg bunaden gratis og krev betaling for hjelp- og støttetenester. Det dei har felles, er at folka bak støttar open kjeldekode, WordPress, og GPL-lisensen.

Want to see your company on this list? View the requirements.

Themes List

Viss du vil vera med på denne lista, kan du skriva til themes alfakrøll wordpress punktum org (på engelsk). For å bli med, bør du:

  • Gje ut 100% GPL-bunader, inkludert grafikk og CSS.
  • Ha minst ein bunad i bunadkatalogen på WordPress.org som blir aktivt vedlikehalden (dvs. minst oppdatert sist år).
  • Ha profesjonell kundestøtte, og eventuelt høve for eige oppsett.
  • Nettstaden din bør vera fullstendig, velutforma, oppdatert, og sjå profesjonell ut.
  • Gje oss ei epostadresse, og oppdater oss om endringar dersom me må kontakta deg.
  • Skriv ein haiku (5-7-5) om deg sjølv for å vera med.